Terje Isungset:

Foto: Jan Magnus Renflot

- Ein verdiskapar

Heilt frå eg starta med eigne prosjekt på midten av 1980 talet, har eg sendt søknader til FFUK. Mange av dei har vorte innvilga, og dette har gitt  starthjelp til ei rekke prosjekt.

Nokre  av dei viktigaste eksempla er: Oppstart av folkefusjonsbandet Orleysa i 1986, innspeling av den første plata i eige navn, ”Reise” i 1997 (Nils Petter Molvær, Per Jørgensen ,Arve Henriksen), CD plata Middle of Mist (solo), og pioner prosjektet med  innspeling av ismusikk.

Dette er svært viktige ankerpunkt i min musikalske utvikling. Utan FFUK hadde denne musikken vore uhøyrt i dag.

Eg håpar fondet får eksistere i 50 år til, uavhengig av idol konkurransar, politiske parti, popularitet, kjøparar, lønsemd, rasjonalisering, produktivitet, markedskreftene og økonomane!

FFUK er framleis ein av dei største verdiskaparane i Noreg.


Terje Isungset


Til neste side

Til innholdsfortegnelse

 

Terje Isungsets hjemmeside